Follow me on instagram

© 2016 Your Business Name!

Bleieberget på dørstokken

Å få diagnosen inkontinent er ikkje alltid like morosamt. Og det vert endå mindre morosamt når du kjem heim frå jobb ein ettermiddag og finn at det står eit berg med bleiar på dørstokken.

Arne Krag Jørgensen er ein aktiv mann som har gjort sitt for å byggje landet. Han gifta seg tidleg med ei odelsjente som driv med økologisk landbruk. Dei har fått tre barn og fire barnebarn. Arne er aktiv i skyttarlaget og idrettslaget. Han har vore ordførar i mange år, men når Venstre no ligg på sotteseng spøkjer det for den politiske karriera. Ein bauta i lokalsamfunnet seier dei om han når det framsnakkast i bygda.

Arne hadde gått lengje og tenkt at han skulle stikke innom fastlegen sin. Men ho er ei dame og det er liksom ikkje så lett å gå til ei dame og fortelje at rørsystemet der nede ikkje fungerer som det skal. Kanskje ho tek til å rote med pakningar og slikt og kven veit kva som då kan skje?

Men det vart våtare og våtare. Då den tjukke trusa han hadde skaffa seg minte om ei myr manna Arne seg opp og kom seg til fastlegen. Du har nok blitt litt inkontinent, sa ho, og det er 400.000 andre her i landet som slit med det same, la ho til med eit varsamt smil.

Arne, som har vore aktiv skyttar sidan han vår åtte år, høyrer litt tungt, han kvapp difor til då ho fortalde om lagnaden hans. For Arne trudde ho hadde sagt impotent og det var han no slett ikkje. Rett nok hadde han tre vaksne barn, men samlivet var tidvis like eksplosivt som eit kretsmesterskap på skytebana.

Etter kvart forsto Arne at han ikkje var impotent, men inkontinent og at det ikkje var så forferdeleg. Men fastlegen sende han til sjukehuset for nokre undersøkingar. På sjukehuset fann dei ikkje ut så mykje meir enn at det var litt slark i rørsystemet nedantil slik at det lak litt. Dei ville prøve ut ei ny behandling på han, men han måtte starte å gå med det han forsto var ei diskret spesialbleie/truse for menn som lak litt. Som politikar kjende han til lekkasjesaker, så dette skal eg vel klare fint, tenkte Arne og reiste heim. Sjukehuset hadde lova å ordne resepten slik at han skulle få tilsendt bleiar på ein diskret måte.

Men på sjukehuset, eller Helseforetaket som det no heiter så fint, må dei spare pengar – heile tida. Dei sende difor resepten til ein grossist som skal gjere ting effektivt og billeg. Og grossisten jobbar effektivt. Dei ville unngå mange køyreturar til grisgrendte strok slik bandagistane driv med. Dei lasta difor ein trailer med bleier for eitt års forbruk til eit knippe pasientar og la i veg til bygd og by.

Vår mann Arne oppdaga dette då han kom heim frå arbeid ein fredag ettermiddag. Heile oppkjørselen var full av kasser med bleier. Så mange at han som venstremann var redd for at han hadde medverka aktivt til avskoging og svikta sine politiske verdiar. Naboen kom innom og lurde på om han skulle flytte, men Arne fortalde berre at han hadde fått ei vanskeleg lekkasje-
sak han måtte jobbe med. Må vere ei stor sak sa naboen undrande då han gjekk vidare. Kvelden gjekk med til å stue kassene inn på høyloftet. No går det meste i rundballar, så det var godt han fann plass for bleieberget.

Fastlegen hadde snakka om at han kunne levere resepten sin til noko som heitte bandagist som heldt til i bygdebyen litt lenger inne i fjorden. Får ta ein tur dit, tenkte han mens han uroa seg for kvar i all verda han skulle gjere av alle bleiane når dei var blitt fulle. Presse dei i siloen, som vi ikkje brukar lenger, og bruke det som kjem ut på åkeren kanskje?

Tekst: Gunnar Angeltveit

Illustrasjon: Tove S. Holmøy

mm
Etbl 1995
Ingen kommentarer

Legg igjen et svar