Follow me on instagram

© 2016 Your Business Name!

Førde Medikal AS, Førde

Førde Medikal har vore i drift i snart 27 år. Våre satsingsfelt er i hovudsak stomi, inkontinens, kateter, sondenæring, bryst-proteser og kateter. Medikalen var mellom dei første som fekk e-resept i fylket. Vi har fleir blå-reseptar registrert hos oss enn dei fleste apotek i fylket.
Medikalen er heilt spesialisert med godt fagleg nivå; stomi-sjukepleiar, farmasøyt samt damer med godt faglig nivå på økonomi og logistikk. Til dømes er det fleir enn 98% av alle stomiopererte i distriktet, som får varene sine frå oss. Vi leverer i heile fylket, og har som målsetting at frakt skal koste minimalt eller ingenting. Vi har óg eit av dei største/beste lager i landet, når det gjeld utstyr til stomi. I tilknyting til forretninga har vi stomi-klinikk som vert driven av stomi-sjukepleiaren. Dette er eit svært godt tilbod til kundane våre. Ho driv óg undervisning for fagfolk og pårørande kringom i fylket, for å sikre god oppfølging av den einskilde stomi-operert. Dette gjeld óg for dei som brukar sonde-næring.
Kontakt eller henting utanom opningstider, må avtalast på førehand.
Kontakt oss

Tel: 578 26 566


Fjellvegen 18, 6800 Førde

ÅPNINGSTIDER

Mandag 09.00 16.00
Tirsdag 09.00 16.00
Onsdag 09.00 16.00
Torsdag 09.00 16.00
Fredag 09.00 16.00
Lørdag Stengt